NTNU-BIL  Bedriftsidrettslaget ved Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet
    ntnubil.no    Postboks 8900, 7491 Trondheim

12. Internrenn, tirsdag 17. mars 2015.


Sted: Fjellseter (snødugnad) og Granåsen (5 x 2,2 km = 11 km).

Invitasjon:
Etter terminlista skal det vere internrenn i Granåsen i dag. Det er for mykje is i løypene over Søremsåsen, men på stadion er det fine forhold. Eit alternativ er å gå fem runder i ei sløyfe på 2,1 km. Forslaget er vist på kartet nedanfor. Sidan det vil vere er krevjande finne fram vil det vere aktuelt med felles oppvarmingsrunde for dei som vil ha tidtaking.
MEN: Byåsen langrenn har trening i Granåsen frå kl 18 og Strindheim ski klubbrenn frå 18:30 så det blir nok fullt i løypene. Dersom vi skal arrangere renn der bør det nok flyttast til kl 20.
ALTERNATIV: Eit alternativ vil vere at vi deltek på dugnad i fjellseterløypene som skiklubben arrangerer frå kl 17- 19. Mange av oss har hatt stor glede av den innsatsen som blir lagt ned. Er det stemning for å delta på løypedugnad? Vi kan eventuelt registrere deltaking på dugnad som teljande renn.   -- mvh Gudmund Eiksund.

Seinare:
Tilbakemelding eg har fått så kan kort oppsummerast: 7 vil gjerne stille på dugnad, men 2 vil gjerne gå i Granåsen kl 20. Opplegget for i ettermiddag blir:
Dugnad: Dei som ynskjer det stiller på dugnad kl 17. Oppmøte på myra like ovanfor Storsvingen. Skiklubben ber oss om å stille med snøskyvere. Dugnaden vil vare ca 2 timar. Eg stiller for å registrere kven som er med.
Renn: Det blir internrenn med tidtaking i Granåsen kl 20. Løypa blir 5 x 2,2 km som vist på kartet.

Rapport: Arrangementet vart denne gongen todelt. Eg vart tipsa av Svein Ramstad om at det skiklubben arrangerte dugnad i 5 km ovanfor Storsvingen. Etter terminlista skulle vi ha renn i Granåsen, der hadde både Strindheim ski og Byåsen langrenn trening. Etter å ha lodda stemninga valde eg å invitere til dugnad ved Storsvingen frå kl 17-19 og renn med tidtaking i Granåsen kl 20. Dei som deltok på dugnaden får registret det som trim.
Løypedugnad ved Storsvingen: Det stilte totalt 10 personar frå oss på løypedugnad ved Storsvingen. Dugnaden vart arrangert av Skiklubben. Vi fekk mange hyggelege tilbakemelding frå folk som var ute på tur og takk for god innsats frå skiklubben.

Ole Oldervik
Svein Vold
Börje Forsell
Finn Knudsen
Arnfinn Emdal
Hallvard Trætteberg
Ludvig Karlsen
Stig Jørgensen
Arne Vik (Gjest)
Gudmund Eiksund
Trim
Oddgeir Øfsti
Ruth Øfsti (Gjest)
Skirenn i Granåsen: 4 og 5 runder á 2,17 km som vist på kartet.
                       1.   2.    3.   4.   5.     tot
Arne Mikkelsen  (4r) 7:35  7:59  7:58 7:37  -     31:09 (fristil) Tilsv. 39:00 5 runder.
Hendrik Spilker (5r) 6:54  6:58  6:53 6:54 6:51   34.30 (fristil)
Lasse Natvig    (5r) 9:50  9:57  9:45 9:28 9:13   48:13 (klassisk, uten spor)

Deltakarar: 15 (3 konkurr + 10 dugnad + 2 trim + 1 arr/dugnad)
Arrangør: Gudmund Eiksund

Deltakerstatistikk 2015

Sist revidert: 11.05.2017


Skigruppas nettside   NTNU-BILs hovedside.