|
|
NTNU-BIL Bedriftsidrettslaget ved Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet |
| ntnubil.no Postboks 8900, 7491 Trondheim |
Invitasjon:
Det blir internrenn med start frå Granåsen skisenter kl 1900 tysdag 19. mars.
Løypetrase:
- Start på skisenterstadion
- Følg lysløypa over brua mot Søremsåsen
- Gå rett fram i krysset nord for Søremsåsen
- Ta til venstre i lysløypekrysset på Nordmyra
- Ta til venstre og gå løypa tilbake til mot Søremsåsen i svingen nedanfor vanntanken
- Ta til høgre mot Granåsen i krysset nord for Søremsåsen.
Denne traseen er om lag 6 km. Rennet blir på to rundar med mellomtid inne på stadion.
Kart som syner løypa.
Gudmund Eiksund - Tlf 47 75 60 16
Rapport:
Nokre få trufaste skiløparar møtte opp denne kvelden. Det var klarver, 5 - 6 minus grader og ein kald trekk frå vest. Løypetraseen gjekk i lysløypa mellom Granåsen og Saupstad med start på skisenterstadion, vidare i lysløypa over brua mot Søremsåsen inn til lysløypekrysset på Nordmyra og tilbake til Skistadion. Traseen er om lag 6 km og løparane gjekk to runder. Sporet var hardt og isete i delar av løypa og kunne med fordel vore preparert. Dei med klister under skia hadde best feste.
Deltakarar: 11 (3 konk + 7 trim + 1 arr)
Resultater:
Med startnummer:
1. runde 2.runde Totalt
Jarle Tufto 23:14 23:43 46:57
Ole Oldervik 25:05 25:54 50:59
Arne Mikkelsen 25:24 24:25 49:49
Trim:
Bjørn Sortland
Ludvig Karlsen
Eirik Mo
Eigil Aune
Oddgeir Øfsti
Gjest, trim:
Berit Mikkelsen
Vigdis Aakre
Arrangør:
Gudmund Eiksund NTNU
Sist revidert: 21.03.2013