|
|
NTNU-BIL Bedriftsidrettslaget ved Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet |
| ntnubil.no Postboks 8900, 7491 Trondheim |
Invitasjon:
Eg tek sikte på å arrangere internrenn som annonsert, med start frå Saupstad skistadion frå kl. 19 i morgon kveld. Eg har ikkje rekognosert løypa, men reknar med at vi også i år kan bruke den traseen som er teikna inn på løypekartet. Løypa skal vera 5,4 km lang, og da reknar eg med at 2 runder blir høveleg distanse. På løypekartet er parkeringsplassen markert med ein stor P (som står opp-ned og derfor kan minne om ein liten a). Ekstra hjelp til å finne parkeringsplassen finst på oversynskartet.
Eg skal ta ei synfaring i kveld, og dersom eg da kjem over noko som tilseier endring av opplegget, kjem det ny e-post seint i kveld eller i morgon tidleg.
Vel møtt! -- Egil
Tirsdag: Til orientering var det i går kveld svært harde og blanke løyper med tilnærma "stålis", dvs. (is)klisterføre for klassisk. Fristilarane vil truleg kunne gjera unna kvar runde på rundt eit kvarter. Vermeldingane på Storm og Yr spår temperatur kring 0 eller litt under i kveld. På skisporet.no ser det ikkje ut til at "vår" løype er med blant dei som blir rapporterte, men det går jo an å håpe på at det kan bli fresa i løpet av dagen. - Egil
Rapport:
Fint ver med eit par minusgradar, MEN upreparerte, steinharde og isete løyper, gjorde at ingen tok sjansen på å konkurrere med startnummer. Arrangøreren meiner alle bør få godkjent oppmøtet som "trim", sjølv om få eller ingen gjekk heile løypa, men heller gjennomførte staketrening på flatene ved skistadion. 2-3 supplerte med trening i preparerte løyper (Storsvingen/Fjellsætermyra?). Arrangøren tek sjølvkritikk for ikkje å ha flytta rennet til ein betre arena.
Deltakarar: 9 (0 konkurr + 8 trim + 1 arr)
TRIM Gudmund Eiksund, gjest Arne Mikkelsen, NTNU Berit Mikkelsen, gjest Svein Vold, SINTEF Svein Ramstad, SINTEF Ole Oldervik, SINTEF Lasse Natvig, NTNU Ludvig Karlsen, NTNU Arrangør: Egil Ingvar Aune, NTNUSist revidert: 19.01.2011