|
|
NTNU-BIL Bedriftsidrettslaget ved Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet |
| ntnubil.no Postboks 8900, 7491 Trondheim |
Invitasjonen:
Det blir internrenn med start frå Granåsen skisenter kl 1900 tirdag 10.mars.
Dette er ein ny stad for internrenn og eg foreslår følgjande løypetrase:
* Start på skisenterstadion
* Følg lysløypa over brua mot Søremsåsen
* Gå rett fram i krysset nord for Søremsåsen
* Ta til venstre i lysløypekrysset på Nordmyra
* Ta til venstre og gå løypa tilbake til mot søremsåsen i svingen nedanfor vanntanken
* Ta til høgre mot Granåsen i krysset nord for Søreemsåsen.
Denne traseen er om lag 6 km. Det blir to runder med mellomtid inne på stadion.
Løypekart -- Gudmund
Rapport:
Rennet var arrangert med utgangspunkt frå skistadion i Granåsen. Sidan det var to dagar før verdenscup-arrangement var eg litt spent på om anlegget var ope for oss bedriftløparar. Det gjekk bra, dei skulle ikkje stenge anlegget før kl 20:30. Løypetraseen gjekk i løysløypa frå skistadion inn til vanntanken og tilbake til skistadion. To runder er i overkant av 12 km. Arrangøren foreslo i invitasjonen å kutte den siste svingen inne ved vanntaken, men etter ei kort rådslagning blant løparane vart det bestemt at den svingen skulle vere med.
10 løparar stilte med startnummer, men ein gav seg etter 1. runde og meldte overgang til trimlaget som vart 5 totalt. Det var fine forhold, eit par + grader, vindstille og klisterføre.
Deltakere: 15 (9 konkurr + 5 trim + 1 arr)
RESULTATER:
Klubb Stilart 1.runde 2.r. Sluttid
Børje Forsell NTNU Klassisk 28:24 28:21 56:45
Hendrik Spilker NTNU Skøyting 19:25 20:08 39:33
Sverre Steen NTNU Skøyting 19:27 20:01 39:28
Arne Mikkelsen NTNU Skøyting 19:22 19:30 38:52
Ole Oldervik SINTEF Klassisk 23:36 24:32 48:08
Lasse Natvig NTNU Klassisk 23:50 24:24 48:14
Svein Vold SINTEF Klassisk 23:44 23:23 47:07
Oddvar Paulsen NTNU Klassisk 25:00 27:47 52:47
Erik Mo Gjest Klassisk 23:02 22:33 45:35
Trim:
Finn Knudsen NTNU
Oddgeir Øfsti NTNU
Sverre Myklestad NTNU
Øydis Marie Nordhagen Gjest
Olav Kåre Malmin SINTEF
Arrangør:
Gudmund Eiksund Geopartner Marin as
Sist revidert: 21.03.2011